Slaget ved Fimreite
6859 Slinde
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre Slaget ved Fimreite
Slaget ved Fimreite
Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson gjorde begge krav på å verte konge i Noreg, og begge hevda å vere av kongsætt. Magnus vart krona som konge berre fem år gamal i 1161. Sverre vart av opprørsflokken Birkebeinarane hylla som konge over Noreg i 1177. På Magnus si side stod både kyrkja og nesten alle lendmennene.
Eitt av dei blodigaste slaga i norsk historie stod i ei bukt ved Fimreite i 1184 då to menn som kjempa om kongemakta i Noreg, møttest med hærar som talde fleire tusen mann. Det var eit sjøslag som sto nær garden Fimreite. Magnus og hans høvding Orm Ivarsson, som var halvbror av Kong Inge Krokrygg og biskop Nikolas Arnesson, falt begge i slaget. Magnus hadde i følgje Sverres Saga ein større flåte enn Sverre, med 26 mot 14 skip. Magnus lot skipa sine binde saman, slik man vanlegvis gjorde på landjorda, i fylking side om side med skipa bunde saman. Sverre valte derimot å la skipa være lause, og dette kombinert med hans store skip gjorde det vanskeleg for Magnus sine menn å borde dei. Sjølv om Magnus hadde tal messig overlegenheit, klarte Sverre gjennom dyktig manøvrering å slå ut skipa det eine etter det andre. Sverre sjølv skal ha gått ei ein småbåt for å styre slaget. Til slutt var Magnus sine menn samla på så få skip at tyngda fekk dei til å gå under.
Ein rekke stormenn i tillegg til Magnus og Orm falt i slaget, og Sagaen fortel at Sverres menn leita i fleire dagar etter lik som dreiv i land. Etter fleire dagar blei Magnus sitt lik funne. Det blei frakta til Bergen og gravlagt i Kristikirken.
På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg Fimreite-gardane. Her er ingen fornminne som viser spor etter busetnad før det kjende slaget ved Fimreite i 1184. Men frå andre halvdel av 1300-talet kjenner ein til at omlag halve Fimreite var eigd av adelsmenn, medan resten var kyrkjegods.
På Fimreite sto det på denne tida også ei kyrkje, truleg ei privatkyrkje for storfolket på garden.
Mykje strid før Fimreite-slaget
Dei to møttest i to store slag på Kalvskinnet i 1179 og Ilevollen 1180 - begge ved Trondheim - utan at det kom til endeleg siger. Det neste, store oppgjeret mellom dei to kom ved Fimreite i 1184.
Før han segla til Fimreite, samla kong Magnus skipa sine ved Kvamsøy vest for Balestrand. Magnus sin hær nytta seg m.a. av kastesteinar som våpen. Dette var brynesteinar som dei hadde kapra frå ei skute som låg i Bergen før dei drog nordover. Mange av desse brynesteinane er seinare fiska opp frå sandgrunnen under slagstaden, og finst m.a. på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
På dagen 800 år etter, avduka kong Olav V ein minnestein om sjøslaget.
På Sveravodl
Minnesteinen om Fimreiteslaget står på Nornes, på ein haug eit stykke oppe i bakken frå naustrekkja ved sjøen. Der er fritt utsyn mot Fimreite og utover fjorden. Staden heiter Sveravodl. "Eg skal seia det er ein fin plass de har funne til denne bautasteinen", sa Steinar Hagen då han våren 1983 var med folk frå teknisk etat i Sogndal kommune og sette steinen på plass. Det er råd å køyra bil ned frå riksvegen til nausta, og i 1999 laga kommunen ein gangveg av plank og singel opp til bautasteinen.
Kvar skulle steinen stå?
Det var delte meningar om kvar bautasteinen skulle reisast, på Fimreite eller på Nornes. Nemnda heldt på Nornes og grunngav med to ting: a) det var på Nornes dei falne vart tekne i land og gravlagde, og b) det var lettare folk folk å koma fram til Nornes enn til Fimreite. (Fimreite hadde ikkje bilveg). Andre meinte at steinen sjølvsagt måtte stå på Fimreite, der slaget stod.
Ved sida av Stedje kyrkje står ein 1,89 meter høg og 0,39 meter brei runestein. Steinen…
Den lengste fjorden i Norge, Sognefjorden, er 204 km lang og strekkjer seg frå Solund i…
Gjest Baardsen (ca. 13. mars 1791–13. mai 1849) er kjend som meistertjuv og utbrytarkonge…
Fjordstien i Sogndal går frå Loftesnes, langsmed fjorden og bort til Hagelin og er 1,5 km…
Balderssteinen, også kalt Fritjofsteinen, er en bautastein i Baldershagen i Husabø i…
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum på Kaupanger syner korleis folk har levd frå…
Det som skil Kaupanger stavkyrkje frå andre stavkyrkjer er storleiken og talet stavar.…
Sogn Fjordmuseum ligg ved Kaupanger Ferjekai, nede ved Sognefjorden - Noregs lenggste og…
Fresvikbreen er ein isbre på sørsida av Sognefjorden i Vik i Sogn kommune i Sogn og…
Liten, idyllisk park med fantastisk utsikt over Sognefjorden og med statue av Fridtjov…
Kvinnafossen har 120 meter fall, og ligg rett ved riksvegen mellom Leikanger og Hella.…
Elva mellom Anestølsvatnet og Dalavatnet fremst i Sogndalsdalen vert kalla Viagra Falls…
Galleri Walaker 300 sin historie Walaker Hotell har restaurert den gamle låvebygningen…
Moahaugane i Vik er ei av dei største haugsamlingane i sitt slag i Norden.
Dei vart…
Historisk strandsitjarstad som i dag er verna
Kulturløype
For guida turar ta kontakt…
Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd…
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram