Skjerdal Stølsysteri og Kafe
5745 Aurland
948 29 431
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre
948 29 431
Skjerdal Stølsysteri og Kafe
Skjerdal Stølsysteri og Kafe er ein levande støl med ca 75 geiter, killingar, sauer og hestar. Geitene gir melk til stølsysteriet som yster tradisjonell kvit og brun geitost.
Her kan du helse på geitene og få ei omvisning på stølen med budeiene og på kafeen får du stølskost. Vi serverer tradisjonelle melkekaker med ein smak av den osten vi lagar, kaffe/te og økologisk eplesaft frå garden.
Turen frå garden Skjerdal opp til stølen tek ca 30 min og passar for alle, men har du dårlege kne kan det vere litt for hardt. Turen går på traktorveg og er lett å følge.
Kafeen er open 1. juli – 30. august. Opningstid: 10.00- 18.00
Skjerdal - snuplass og parkering. I Skjerdal ligg garden vår og 2 andre gardar i eitt tun. Her er det snuplass og besøkande kan køyre hit, men det er fint om de kan parkere på tilvist gjesteparkering.
Type tur: Vandring Skjerdal – Skjerdal Stølsysteri ca 30 min. Du kan og fortsette turen vidare inn dalen t.d. til Fjellstølen, eller ta ein topptur til Skulenosi, Leimsnosi eller Blåskavlen.
Alternativ 1: Guida tur med Fjordsafari https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/basic-fjordsafari-og-vandretur-til-geitestolen-leim-p853603
Alternativ 2: Sykle til Skjerdal og vandre
Alternativ 3: båt eller kajakk til Skjerdal Kai. Turen frå kaien opp til Skjerdal stølsysteri tek ca. 1 time og 30 min. Stien går opp gjennom hagen til sommarhuset Bygningen og du kjem opp til ein stikkveg som fører opp til hovedvegen til Skjerdal. Følg vegen til Skjerdal og traktorvegen vidare til Skjerdal Stølsysteri og Kafè.
Avstander: Aurland- Skjerdal: 6 km. Skjerdal - Skjerdal stølsysteri og kafe: 1,5 km
Passer for : Alle MEN, har du dårlege kne eller liknande, vil stigningen vere for hard
Område: Aurland
Sesong: 1. Juli – 30. August
Kontakt og Booking: Anne Karin Hatling: 94 82 94 31
Meir info: www.skjerdal.com
På Eldhuset får du ein presentasjon i ord og tonar om tradisjonar kring stølsdrift,…
Opplev den spektakulære utsiktsplattformen Stegastein, med panoramautsikt 650 meter over…
Opplev kvalitetshåndverk og møt de eneste skomakerne som fortsatt produserer den…
Flåmsbana Museet gir deg innblikk i byggingen av verdens bratteste jernbanestrekning, den…
Stegastein er et utsiktspunkt hvor du kan oppleve en fantastisk panoramautsikt over…
Start frå Balestrand eller Fjærland. Fjærlandsfjorden er vakker og majestetisk, omkransa…
Den vakraste og villaste av sidearmane til Sognefjorden. Nærøyfjorden, den vakraste og…
Nærøy sokn omfattar dei små grendene ved Nærøyfjorden: Dyrdal, Styvi, Tufte, Bakka og…
Kjelfossen ligg i Gudvangen i Aurland kommune. Fossen har ei høgd på 755 m og eit fritt…
Velkommen til Vikinglandsbyen
Njardarheimr betyr heimen som er tileigna den norrøne…
Nærøyfjorden er ein av dei mest spektakulære fjordane i Noreg. Snøkvite fjell ruvar høgt…
Kjosfossen er ein stor turistattraksjon og eit ynda fotomotiv grunna plasseringa han har…
"161 smaa hus tæt til sammen..." slik såg biskop Pontoppidan Lærdalsøyri på ei reeise…
Fresvikbreen er ein isbre på sørsida av Sognefjorden i Vik i Sogn kommune i Sogn og…
Slaget ved Fimreite
Magnus Erlingsson og Sverre Sigurdsson gjorde begge krav på å…
Sogn Fjordmuseum ligg ved Kaupanger Ferjekai, nede ved Sognefjorden - Noregs lenggste og…
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram