458 71 940
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre Kvernsteinsparken
458 71 940
Kvernsteinsparken (21 Jun 2020 - 23 Aug 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag | Stengt | |
Tirsdag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
* Guiding: kl. 12 – 16
Utanfor opningstida kan du besøke parken på eiga hand og gå tur i området. Gruppebesøk, skulebesøk, utleige og spesialomvisinger kan bestillast heile året ved å ringe til 458 71 940.
Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Her er det spennande aktivitetar for barn og vaksne. Bli med på steineventyret!
Vi tar deg med på ei reise tilbake i tid då det var stor aktivitet i Hyllestad. I hundrevis av steinbrot jobba steinhoggarar og tok ut kvernstein etter kvernstein. Kvernstein var noko alle måtte ha. Utan kvernstein ikkje noko mjøl – og ingen mat! Kvernstein i hundretusental forlét Hyllestad og vart seld i heile Noreg, Danmark og Sverige. Her er det snakk om stor industri, dyktige handverkarar, drevne handelsfolk og mykje pengar!
BESØKE KVERNSTEINSPARKEN
I Kvernsteinsparken ventar deg ein fin tur gjennom steinbrotslandskapet. Her sleit vikingane for 1000 år sida, her var det dyktige nevar, sveitte og kanskje tårer når nok ein stein gjekk sund. Dette var ei verd kor det var heilt avgjerande å kunne lage ting med sine egne hender. Etter turen kan du prøve deg som steinhoggar eller kose deg ved bålet med kaffi og noko godt å ete. Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er tilgjengeleg. På sommaren kan du bli med på spennande aktivitetar i Kvernsteinsparken:
- Gå tur i det imponerande steinbrotslandskapet. Mellom kl. 12 og 16 er det omvising.
- Ta med dei yngste på tur gjennom Trollstien! Kva er det med dette trollet?
- Mal korn med handkverna eller skubbekverna og bli kjend med ulike korntypar.
- Lag din eigen brøddeig av mjølet du nettopp har male og bak flatbrød over bålet.
- Få eit stykke kleberstein og skap noko fint ut av det.
- Bruk slyngestokkane og lag eit bånd til klebersteinssmykket ditt.
- Prøv oppstadveven og vev vidare…
- Besøk smia og hjelp smeden med blåsebelgen (uregelmessig).
- Tjørebrenning: Sjå på eller hjelp til å lage tjøre (uregelmessig).
- Kos deg rundt bålet og nyt nybakt kvernsteinsbrød eller ei svele
- Hels på kaninane våre og mat dei med løvetann
STEINBROTA I HYLLESTAD
Det var stein som var Hyllestad sitt “gull”: I hundrevis av steinbrot jobba det steinhoggarar som tok ut kvernstein etter kvernstein for å skipe dei ut i den store verda. Den gongen var kvernstein ein heilt sentral gjenstand: Utan kvernstein ingen mat! Ville du ete brød eller graut, måtte du først male kornet på ei handkvern eller vasskvern for å få mjøl. Kvernsteinshandelen i Hyllestad var ei god inntektskjelde - for dei som eigde land og satt med makta.
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Barn (7-17) | NOK 30,00 billetter |
Barn under 7 år | Gratis |
Vaksne | NOK 60,00 billetter |
NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.
Bli med på steineventyret! Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei…
Gulatinget danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat med eit…
Laukelandsfossen er eit kjent fossefall i Dalsfjorden like ved Dale i Fjaler. Fossen er…
Her midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane som perler på ei…
Bjørn West var ein geriljabase som heldt til i Masfjordfjella dei siste 6 månadene av…
Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Dei driv med…
Denne staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden.…
Luftkampmuseet er til minne og informasjon om ein dramatisk dag mot slutten av krigen i…
Ausevika er eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Ausevika ligg under…
Nausta har sitt utløp i Førdefjorden og er lakseførande i 12 kilometer. Elva ligg i…
Storstova for kunsten vart opna i september, 2012 i Førde. Samlinga tel i overkant av 800…
Utvær i Solund er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Utvær…
Huldefossen ligg ved Mo og Jølster vidaregåande skule, like ved E39, ca 10 km frå Førde.…
Sunnfjord Museum tilbyr guiding og formidling, skiftande utstillingar og arrangement,…
Dette vesle galleriet på Mo er arbeids- og utstillingsstad for biletemaker Jarle Midtun.
Fjordkick Feriehus, Hyllestad
Fjordkick - Fiske, Hyllestad
Kystmuseet i Sogn og Fjordane, FloraSjå glimt av dagleglivet ved kysten - frå steinalder til oljealder! Kystmuseet har hovudbase i Florø med 3 utstillingsbygg og stort uteområde med gamle bygningar i flott kystnatur.
Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet, SolundBli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet! Dette er ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjær.
Andre sider
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram