901 33 023
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre Kvanhovden Fyr
901 33 023
Fyret står på ein hovde lengst vest på øya Hovden i Kinn kommune, 40 meter over havflata. Dette er eit av dei høgaste plasserte fyrhus i landet, med framifrå utsikt nord og sør langs fallgarden, og vestover opne havet.
Kvanhovden fyr
I 1895 vart det bygt fyr på Kvanhovden, og lyset vart kveikt 5. november dette året. Det var ei vanleg veike-lampe, og først i 1932 fekk fyret ei kraftigare glødelampe.
Fyrvaktarane
Fyrhuset står på ein karakteristisk hovde, på øya Hovden, med lykta i vestgavlen på fyrvaktarbustaden, vel 40 meter over flomålet.
Første fyrvaktaren heitte Kristian Johannessen. Han var der i 24 år, frå 1895-1919, og såg barken "Olga" strande 6. januar 1918 om kvelden. Han fekk 18 ufrivillige gjester på fyret den natta.
Deretter følgde Andreas F. Strømmen 1919-33, Andreas P. Steinnes 1933-46, Sigurd Wigdel 1946-68. Wigdel var den siste som budde der med familie, før dei gjekk over til vaktordningar (tørnstasjon). Deretter følgde Knut Myrene 1968-71, og den siste fyrmeisteren var Karstein Gimmestad 1971-78. Han delte vaktene med Andreas Strømmen frå Hovdevåg og Einar Skavøy frå Ånnøya. Desse tre var dei siste fyrvaktarane på Kvanhovden.
Søndag 6. januar 1918 ca. kl. 8 om kvelden stranda den svenske barken "Olga" ved Kvannhovden fyr. Kaptein Nils Halberg klarte å manøvrera barken inn i Søre Kvanhovdevika der dei vart ståande på grunn. Mannskapet klarte å berga seg i land og vart der møtt av fyrvaktaren som førte dei til husa ved fyret. Skipet vart vrak.
Gardsbruk
I førstninga var fyrmeisteren åleine og budde der heile året med familien sin. Etter krigen vart det tilsett fyrassistent og bygt eigen assistentbustad i 1949. Av denne står den støypte grunnmuren att. Sjølve huset vart selt til nedriving i 1969 og flytta frå Kvanhovden til Florø. Det var Martin Domben som kjøpte, og huset står like nordvest for Gaddevågbrua i dag.
I mange år vart det drive gardsbruk på Kvanhovden, og det voks bra med gras, berre ein kunne berge høyet for blåsten. Det var ein del som skulle i hus, for den gongen var det både kyr, sauer og ein hest på Kvanhovden. Arealet var 120-130 dekar, så det var mykje å fare over med ljåen mellom den runde, sjøslipte steinen som det framleis ligg ein god del av på dette eidet mellom Skårekinna og Kvanhovden. Wigdel var den siste som dreiv bruket. Han dreiv med ein del sauer fram til han slutta på 1960-talet.
Automatisert i 1980
Kvanhovden fekk to elektriske aggregat i 1960, og vart automatisert med straum frå YFK (Ytre Fjordane Kraftlag) i 1980. I dag har Kystverket leigeavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om bruk og vedlikehald av den særprega eigedomen. Det er Stiftinga "Over Stokk og Stein", Midtgulen i Bremanger, som står for dei praktiske gjeremåla.
Tekst: Fylkesarkivet Sogn og Fjordane
www.fylkesarkivet.no
Båt
Barekstad Keitangen Domba
14-636 14-637 14-640
På gardane Sørbotten, Øvrebotten og Nordbotten i Botnane ligg åtte gravrøyser, fleire…
Galleri Frøya er bygd opp av Karin Flatøy Svarstad som har skiftande utstillingar med…
Turen går tur/r frå Kalvåg til Vingen med passering av majestetiske Hornelen.…
Stabben fyr På eit glatt, avrunda skjer midt i skipsleia, vart det i 1866/67 bygt eit…
Heilt ute i havgapet vest for Florø ligg øya Kinn. Kinn er kjent for si vakre…
Kinnakyrkja er bygd i stein, truleg ein gong på 1100-talet. Det er den eldste og einaste…
Ytterøyane fyr
Ytterøyane fyr er det største fyret i Sunnfjord og vart bygd i 1881.…
Kystmuseet i Florø ligg i eit vakkert kystområde bunde saman med spaserveger og bruer.…
Denne staselege hovedgården ligg vakkert til med utsyn over Svanøybukt og Brufjorden.…
Norsk Hjortesenter ligg idyllisk til på Kvalstad Gard på sørsida av øya. Dei driv med…
Vågsberget handel- og gjestgjevarstad er ein av dei best bevarte av sitt slag i Norge.…
Ausevika er eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Ausevika ligg under…
Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg…
Tidleg morgon, 27. desember 1941; Julefreden bryt med eit brak. I løpet av 10 minutt fell…
"Wow, tagging har tatt ein heilt ny vending i fiskebyen Måløy. På ein av dei høge…
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram