53 67 34 00
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre
53 67 34 00
Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen.
I dag køyrer du i bil, gjennom ein tunnel som kraftutbyggjarane i Sima har skote ut. Før bilvegen var ferdig i 1974 var den einaste vegen opp den bratte fjellsida, langs jernbolta stigar over svimlande svaberg – ein veg for dei nervesterke. Dette var sambandet med omverda.
Uvegsamt låg Kjeåsen til, med ein – etter vår målestokk – heilt utruleg strevsam veg til gards, men her er det rike ressursar rett utanfor stovedøra, og jakt, fangst og fiske var hovudnæringa for folket her. Jordsmonnet på garden er grøderikt, og sola skin mest heile året.
Langs stien opp til Kjeåsen har folk gjennom generasjonar frakta alt dei trong på ryggen. Eit av husa på Kjeåsen tok det 30 år å bygga. Alt materiale måtte fraktast opp planke for planke. Den tyngste børa til Kjeåsen skal ha vore ein slipestein på 90 kilo. I 1930-åra vart det bygd ein motordriven taubane, og med denne vart det enklare å frakta varer opp og ned til garden.
På det meste budde det 13 born på Kjeåsen. Desse gjekk på skule i Simadal, og skulevegen var vanskeleg. På sommarstid gjekk borna til og frå skulen kvar dag, men på vinteren var vegen for farleg. Då budde dei hos slektningar i Simadal.
Vassdraga på vidda har hatt mykje å seia for Simadalen. I 1893 og 1937 vart dalen herja av flaum; siste gongen vart 20 hus feia på sjøen, men ingen menneskeliv gjekk tapt. I 1973 tok bygginga av kraftverket i Simadalen til. Kraftutbygginga var ferdig i 1981. Den «nye tida» kom til Kjeåsen med bilveg og anleggsarbeid. Turiststraumen auka med bilvegen og Kjeåsen er blant dei fremste turistmåla i kommunen.
Vegen opp til gården starter i Simadal, ca 8 km fra Eidfjord/Rv7. Bilvegen opp er 5 km lang, og består av ca 2,5 km serpentinveg, resten gjennom ein smal tunnel. Det er ikkje mogeleg å gå eller sykle gjennom denne tunnelen. Pga. smal veg er det innført timekøyring. Trafikk opp til Kjeåsen kvar heile time, trafikk ned frå Kjeåsen kvar halve time. Du kan også gå den fantastiske, men svært bratte, stien opp til Kjeåsen, start punkt ved Sima kraftverk, ca 1 - 1,5 time kvar veg.
I tilknyting til Quality Hotel Vøringfoss har Eidfjord kommune bygd eit flott galleri for…
2,5 timar lang rundtur i dramatisk natur. Buss frå Eidfjord til Hardangervidda…
Eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø vist med tematiserte…
Eit flott fjellområde 1250 moh. Osafjellet ligg mellom Bergensbana/Rallarvegen og Osa.…
Måbødalen kulturlandskapsmuseum forvaltar det kulturhistoriske miljøet i Måbødalen. Med…
Nyt utsikta av ein av dei mest imponerande fossane i Norge som kastar seg ut frå…
Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Dette høgfjellsområdet…
Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Eit fantastisk…
Hardanger Saft- og siderfabrikk produserer most, sider, likør, dessertvin og brennevin av…
Grupper frå 10 personar kan besøka tre
fruktgardar (Hardanger saft-og…
Hauge-senteret ligg vakkert til på Brakanes ved Ulvikafjorden. Her blir du kjent med den…
Opplev lokalhistorie på Granvin Bygdemuseum. Her er seks eldre bygningar, den eldste frå…
Kjosfossen er ein stor turistattraksjon og eit ynda fotomotiv grunna plasseringa han har…
Regionsmuseum for Hardanger med faste utstillingar av hardangersaum, bunad og…
Friluftsmuseum stifta av kunstnaren Bernhard Greve. Bygningar og spennande bondeinteriør…
Stien til Kjeåsen fjellgard, Eidfjord
Andre sider
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram