Jostedalsbreen Nasjonalpark
6868 Gaupne
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre Jostedalsbreen Nasjonalpark
Nesten halvparten av Jostedalsbreen Nasjonalpark er dekka av den største isbreen på det europeiske fastlandet - Jostedalsbreen. Denne nasjonalparken er kjenneteikna av ei enorm spennvidde i naturtypar innan korte avstandar. Her er alt frå frodige dalar til karrige fjell- og isbrelandskap, og ein kort fottur i dette området er som å gå frå ei årstid til ei anna.
Jostedalsbreen Nasjonalpark er lett tilgjengeleg i mellom anna Jostedalen og Veitastrond (Luster kommune), og i Fjærland (Sogndal kommune). I området kring breen er det mogleg å delta på aktivitetar som brevandring, fjellturar og kajakk, og oppleve besøkssenter for nasjonalparken. Besøkssentera er Breheimsenteret i Jostedalen og Norsk Bremuseum i Fjærland. I tillegg finst det eit besøkssenter i Oppstryn (Stryn kommune).
Føremålet med nasjonalparken er:
Å verne eit stort, variert og verdfullt breområde med tilhøyrande område med plante- og dyreliv og geologiske førekomstar frå lågland til høgfjell
Å gi høve til naturopplevingar ved å drive friluftsliv som er lite avhengig av teknisk tilrettelegging
Å verne om kulturminne og kulturlandskap
Fakta om Jostedalsbreen
Areal: 474 km²
Lengde: 60 km
Største høgde: 1957 m o.h. (Høgste Breakulen)
Minste høgde: 60 m o.h. (foten av Supphellebreen)
Maksimal tjukkleik: 571 m
Størst målt årleg snøfall: 12 m
Total utgraving av steinmateriale: 400.000 tonn/år (tilsvarar kring 40 000 lastebillass)
Brevolum: 73 km³ Ferskvassinnhald: 73 · 10¹² liter = 300 tusen millionar badekar med vatn
= Heile Noreg sitt vassforbruk i 100 år
Gaupne gamle kyrkje er eit vakkert døme på gammal luthersk stil, med fint pryda…
Landskapet kring Lusterfjorden er svært malerisk, og mange store kunstnarar har lete seg…
Dale Kyrkje, i bygda Luster, er ei særmerkt steinkyrkje frå 1200-talet, med mellom anna…
I 1909 bygde Kari og Nils H. Lerum Safthuset på Sørheim. Her starta dei saftproduksjon i…
Galleri Walaker 300 sin historie Walaker Hotell har restaurert den gamle låvebygningen…
Urnes stavkyrkje er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste. Ho er bygd…
Tunsbergdalsbreen er Noregs lengste brearm! Den ligg plassert 500 moh, i Leirdalen, som…
Elva mellom Anestølsvatnet og Dalavatnet fremst i Sogndalsdalen vert kalla Viagra Falls…
Fjordstien i Sogndal går frå Loftesnes, langsmed fjorden og bort til Hagelin og er 1,5 km…
Gjest Baardsen (ca. 13. mars 1791–13. mai 1849) er kjend som meistertjuv og utbrytarkonge…
Drivandefossen finn du i vakre og frodige Mørkridsdalen i Skjolden, innerst i…
Den lengste fjorden i Norge, Sognefjorden, er 204 km lang og strekkjer seg frå Solund i…
Ved sida av Stedje kyrkje står ein 1,89 meter høg og 0,39 meter brei runestein. Steinen…
I Breheimen Nasjonalpark er mangfaldet stort. Naturen varierer frå grøne dalar til…
De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum på Kaupanger syner korleis folk har levd frå…
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram