Herdalssetra
70 25 92 29
970 12 035
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre Herdalssetra
70 25 92 29
970 12 035
Den vakre Herdalssetra ligg 520 m.o.h opp frå bygda Norddal og innanfor UNESCOs verdsarvområde.
Køyreturen opp etter bomveg (10 km) er bratt og fascinerande med fleire fossefall til ein når Herdalsvatnet, som strekkjer seg om lag 2 km innetter dalen.
Vegen går langs Herdalsvatnet og i enden breier grassletter seg utover den vide dalbotnen. I enden av desse slettene ligg den unike Herdalssetra, som dannar ei tett klyngje med over 30 gamle seterhus. I tillegg finst fleire hustufter etter tidlegare gards- og seterdrift. Spor av busetjing så langt tilbake som til tidlege mellomalder og enno eldre konstruksjonar for reinsjakt har blitt funne i Herdalen. Det geologiske naturreservatet Kallskaret ligg omlag to timers gange frå setra.
Dette er ei av dei største fellessetrene for geit her til lands, og her har det vore ein ubroten setertradisjon i over 300 år. På setra finst også kyr, sauer, og fjordhestar. Ungane kan likevel finne ein gode leikeplassar her. Her kan ein få smaksprøvar av geitosten og geitmjølk-karamellen som blir laga på gamlemåten. Å rusle mellom dei gamle bygningane, drage inn frisk fjelluft og angen frå beitande dyr gir ro i sinnet.
Bak setra ruver fjellet Hereggja (1557 m.o.h.) steilt til vers, og landskapet inviterer til fjell- og fisketurar. Det er høve til å overnatte i seterhusa, kjøpe fiskekort ofor elver og vatn. Setra har også sin eigen, enkle seterkafé med servering av rømmegraut med spekemat og anna tradisjonskost gjennom sommaren.
Sesong: Juni - september
Guida turar inkludert smaking og/eller lunsj. For grupper; arrangement og prisar på forespørsel
Billettype | Billettavgift | |
---|---|---|
Bompenger Vinterstengt | NOK 70,00 bil | |
Også tilgjengelig som: | ||
Bompenger - vinterstengt | NOK 800,00 buss |
NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.
Kraft- og skredsenter i Tafjord er både Tafjord Kraftproduksjon AS sin aller første…
Oppdemminga av Zakariasvatnet med ei 96 meter høg betongdemning i 1968 representerte eit…
Muldalsfossen er ein av dei høgste fossane i landet med eit fritt fall på nesten 200…
Norddal kyrkje vart bygd i 1782 og er den fyrste Åttekanta kyrkja på Sunnmøre. Kyrkja…
Storseterfossen er eit fossefall der ein faktisk kan gå bak fossen. Godt tilrettelagt sti…
Ørnevegen er namnet på den bratte vegstrekninga oppgjennom lia frå Geiranger mot Eidsdal…
Ørnevegen er namnet på den brattaste vegstrekninga oppgjennom lia frå Geiranger mot…
Geiranger kyrkje er ei åttekanta kyrkje bygd i 1842 i tømmer med 120 sitjeplassar.…
Geiranger kyrkje er ei åttekanta kyrkje bygd i 1842 i tømmer med 120 sitjeplassar.…
Unik veteranbilsamling
Mange av dei flotte bilane som vart brukt til å vise turistane…
Norsk Fjordsenter er besøks- og formidlingssenteret for Vestnorsk fjordlandskap og for…
Fjordranger basecamp-program
Skreddarsydd utandørs aktivitetsprogram for interaktiv…
Flydalsjuvet byr på imponerande utsikt og er eit godt fotopunkt over Geiranger og…
Sylte kyrkje i Valldal vart bygd i 1863 og er ei langkyrkje med heile 600 sitjeplassar.…
Den særmerkte vegkonstruksjonen som har fått namnet ”Knuten”, står enno att i sin…
Den særmerkte vegkonstruksjonen som har fått namnet ”Knuten”, står enno att i sin…
Fiske i Herdalen, Fjord
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram