For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre H.M. Dronning Sonja sin panoramatur
Dronningstien frå Kinsarvik
Dronningstien går oppå fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus og byr på flott utsikt til Hardangerfjorden, Hardangervidda Nasjonalpark og Folgefonna Nasjonalpark.
Sesong: Når det er snøfritt, vanlegvis frå slutten av juni til midten av september.
Start frå Kinsarvik: Frå Kinsarvik tek ein av ved Esso-stasjonen og kjører ein liten veg oppover mot Røte. Eit lite treskilt med «Dronningstien» står i krysset.
Parkering: Der asfaltvegen sluttar på Røte er det ein parkeringsplass (ca 200 moh). Frå denne parkeringsplassen går det ein grusveg oppover til Heng (ca 750 moh). Grusvegen er privat og det er ikkje lov å kjøra med bil. Frå parkeringsplassen på Røte og opp til stien tek det ca 1,5 - 2 timar å gå.
Start Dronningstien: Frå enden av grusvegen på Heng (ca 750 moh) startar den eigentlege Dronningstien. Stien er merka med blåmalte D’ar. Dronningstien frå Heng til Rjukande tek ca 4 timar å gå.
Endepunkt: Dronningstien endar oppå fjellet ved Rjukande (ca 1000 moh) ovanfor Lofthus. Frå Rjukande går det sti nedover mot Lofthus. Denne stien er merka av Den Norske Turistforeininga med rød T, og frå ca 750 moh går det også skogsveg ned til Lofthus. På veg ned til fjorden og Lofthus går ein forbi Nosi (950 moh) og Munketreppene (ligg på mellom 600 og 800 moh). Ein må rekne ca 2 timar på turen ned frå Rjukande til Lofthus.
Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar i Kinsarvik og Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også i Kinsarvik og på Lofthus. Det er ca 2,5 km å gå frå busstopp/båtkai i Kinsarvik til Røte.
Gradering: Terrenget på høgfjellet langs Dronningstien varierer, der Kinsarvik-sida er myrlendt og svakt stigande, mens Lofthus-sida er meir bart fjell og skrinn vegetasjon. Sidan det er langt å gå frå parkeringsplass til starten av Dronningstien, og ned igjen frå Dronningstien til Lofthus, er dette ein krevjande tur.
Turlengd: Røte – Heng ca 4,5 km, Dronningstien frå Heng til Rjukande ca 8 km, Rjukande – Lofthus ca 4 km. Total lengd er altså ca 16 km.
Høgdeskilnad: Kinsarvik – Røte ca 200 m, Røte – Heng ca 550 m, Dronningstien frå Heng til Rjukande ca 350. Rjukande – Lofthus ca 1.000 m. Total høgdesliknad er altså 1100 m.
Tidsbruk: Røte – Heng ca 1,5-2 timar, Dronningstien frå Heng til Rjukande ca 4 timar, Rjukande – Lofthus ca 2 timar. Totalt tidsbruk ca 6-10 timar, avhengig av form og alder.
Gode råd: Ta med næringsrik niste og drikke, godt fottøy, og varme klede. Ha med kart og kompass.
Turomtale: Frå parkeringsplass på Røte, går ein på grusveg oppover til Heng. På Heng (ca 750 moh) startar Dronningstien. Sjølve Dronningstien går oppå fjellet, i kanten av Hardangervidda Nasjonalpark. Det er flotte utsiktspunkt til fjorden og Folgefonna Nasjonalpark. Stien går gjennom eit variert og kupert landskap. Dronningstien sluttar ved Rjukande, som er på ca 1.000 meters høgd over Lofthus. Frå Heng til Rjukande tek det ca 4 timar å gå ein veg. NB: fleire stader går Dronningstien svært nær kanten av fjellet. Dette gjeld spesielt frå Oksli til Rjukande og ved Ulvskjaft. Frå Rjukande går ein ned mot Lofthus, forbi Nosi og munketreppene. Det går sti merka av Den Norske Turistforeininga til Nosi og nedover. Frå ca 750 moh går det også skogsveg nedover. På mellom 600 og 800 moh ligg steintreppene ein kallar Munketreppene. Skogsvegen sluttar ved fruktgardane på Eidnes. Frå Eidnes går ein nedover på asfaltert veg til Opedal Skule. Frå Opedal Skule går ein sørover på FV 102 ca 350 meter til busstopp og båtkai ved daglegvareforretninga Bunnpris.
Kortare variant av denne løypa: Gå opp til starten av Dronninstien ved Heng. Turen frå starten av stien til det tredje utsiktspunktet på kartet er ein fin tur, som byr på mykje god utsikt for dei som ønsker ein kortare tur.
Friluftsmuseum stifta av kunstnaren Bernhard Greve. Bygningar og spennande bondeinteriør…
Regionsmuseum for Hardanger med faste utstillingar av hardangersaum, bunad og…
Agatunet er eit av få bevarte norske klyngetun. Her ligg 30 freda hus frå mellomalderen…
Omkransa av fjord, fonn og bratte fjell, finn du garden til Hardangergutane på Sekse i…
På vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ligg Åkre Gard optimalt plassert for produksjon…
Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på…
Opplev lokalhistorie på Granvin Bygdemuseum. Her er seks eldre bygningar, den eldste frå…
Utstillinga "Ei reise gjennom 9000 år" viser kulturlandskapet i Herand frå sist istid og…
I det gamle rekkjetunet på garden Mælen, har kunstnaren Arne Bakke Mælen bygd opp eit…
På eit anlegg for lakseoppdrett i full drift er det etablert eit visingssenter, det…
Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg.…
2,5 timar lang rundtur i dramatisk natur. Buss frå Eidfjord til Hardangervidda…
I tilknyting til Quality Hotel Vøringfoss har Eidfjord kommune bygd eit flott galleri for…
Hauge-senteret ligg vakkert til på Brakanes ved Ulvikafjorden. Her blir du kjent med den…
Eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø vist med tematiserte…
Andre sider
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram