Fossar i Hardanger
56 55 31 84
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Se & gjøre Fossar i Hardanger
56 55 31 84
På køyretur i Hardanger kan du oppleve mange fantastiske fossefall. Dei tre mest kjende er Vøringsfossen i Eidfjord (Rv 7), Steinsdalsfossen i Norheimsund (Rv 7) og Låtefoss i Odda (Rv 13).
VØRINGSFOSSEN
Noregs mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupe 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Godt utsiktspunkt ved Fossli Hotel like ved Rv 7. Hotellet har ope ca. 20.05-15.09. På grunn av Sima Kraftverk er fossen regulert. Den har ei vassføring på 12m3 per sekund i perioden 01.06-15.09. Sti til foten av Vøringsfossen 1,5 t t/r. Parkering ved øverste opning av Måbøtunellen ved Rv 7. Nasjonale turistveger starta arbeidet med anlegget på Vøringsfossen hausten 2015. Første trinn skal vere ferdig i 2017 og heile prosjektet ferdigstilt i 2020.
STEINSDALSFOSSEN
Ein av Noregs mest besøkte fossar. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er spesiell fordi du kan gå på baksida utan å verte våt. Fossen oppstod i 1699 som følgje av at elva endra løp. Det går sti frå parkeringsplassen og opp under fossen, ein fin liten spasertur. Langs Nasjonal turistveg Hardanger.
LÅTEFOSS
Tvillingfossen Låtefoss var eit ynda reisemål alt på 1800-talet. Fossen, med fallhøgde på 165 m, er lett tilgjengeleg ved Rv 13. Lyssett på kveldstid.
FUREBERGSFOSSEN
Furebergsfossen ligg langs Rv 551 mellom Årsnes og Sunndal, ved munningen av Maurangerfjorden som er ein arm av Hardangerfjorden. Det mektige fossefallet føl tett på fjellsida og har eit fritt fall på 20 m. Du kjem tett på vasskreftene ettersom bilvegen går rett over nedre del av fossen.
Ein av Noregs mest besøkte fossar. Steinsdalsfossen har eit fall på 50 m og er…
I den renoverte røykstova på Bjørketeigen Gard er ein triveleg kafé der du m.a. kan nyte…
Familievenleg maritimt museum som vektlegg aktivitetar og opne verkstadar. Her får…
Her kan du mellom anna kjøpe saft, eplemost, ferske egg, lokal bakst,eple og annan frukt,…
Kunsthuset Kabuso har skiftande utstillingar, konsertar og andre arrangement heile året.…
I Gullfiskvatnet kan du mate ”Gullfisk”! Gullfisken er gullvederbuk, sett ut i…
På eit anlegg for lakseoppdrett i full drift er det etablert eit visingssenter, det…
I det gamle rekkjetunet på garden Mælen, har kunstnaren Arne Bakke Mælen bygd opp eit…
Utstillinga "Ei reise gjennom 9000 år" viser kulturlandskapet i Herand frå sist istid og…
Folgefonna nasjonalpark vart etablert i 2005 og er ein av 42 nasjonalparkar i Noreg.…
Agatunet er eit av få bevarte norske klyngetun. Her ligg 30 freda hus frå mellomalderen…
På vestsida av Sørfjorden i Ullensvang, ligg Åkre Gard optimalt plassert for produksjon…
Regionsmuseum for Hardanger med faste utstillingar av hardangersaum, bunad og…
Omkransa av bratte fjell, Hardangerfjorden og Folgefonna, ligg Alde Sider idyllisk til på…
Omkransa av fjord, fonn og bratte fjell, finn du garden til Hardangergutane på Sekse i…
Andre sider
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram