Du er her: Reisemål Voss
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Reisemål Voss
Juli 2019 opna den nye gondolbanen på Voss, som tek deg frå Voss stasjon og opp til Hangurstoppen på 820 moh. Dette er den største og mest moderne gondolen i Nord-Europa, og er open heile året. På toppstasjonen finn du Hangurstoppen Restaurant, flott panoramautsikt til fleire av fjella som omkrinsar Vossebygda, og eit flott område for rekreasjon og aktivitetar. På sommaren er dette eit mekka for vandring, sykling og paragliding. På vinteren tek gondolen deg rett opp til skisenteret Voss Resort.
Voss er ein av dei mest snøsikre skidestinasjonane i Noreg. Her kan du boltra deg i to ulike skisenter – Voss Resort og Myrkdalen – og på begge plassar har massevis av løyper og frikøyringsområde å boltra seg i for alle ferdigheitsnivå. Voss Resort har sitt velkomstsenter i Bavallen, kring 5 kilometer frå Voss sentrum. Du kan også ta Voss Gondol rett opp i skisenteret. Myrkdalen ligg ein kort køyretur på kring 25 km frå Voss sentrum.
For langrennsentusiastar er Voss ski- og tursenter plassen å vera på vinterstid. Voss har også mange flotte område for fjellskiturar og toppturar.
Se alle vinteraktivitetane.
Voss ligg midt mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, og er ein naturleg stoppestad på den populære Norge i et nøtteskall-turen. Det er enkelt å koma seg til Voss, og bygda er eit trafikknutepunkt for tog og buss på Vestlandet. Voss ligg også langs E16, som er hovudvegen mellom Bergen og Oslo.
Voss - Bygd av Vossingar
Antall resultater: 109
, vises for øyeblikket 1 til 20.
Denne to dagers rundturen fra Voss tar deg med inn i noe av det peneste vi har av natur i Fjord Norge.
Rundtur med tog fra Voss. Opplev Flåmsbana, sykkel fra Berekvam ned til Flåm, padle kajakk i Aurlandsfjorden og RIB båt til Gudvangen.
Rundtur med tog fra Voss. Høydepunkter er den berømte Flåmsbana, sykkel fra Berekvam til Flåm, RIB båt til Gudvangen og buss til Voss via Stalheimskleiva.
Ta turen til fjells med Voss Gondol! Juli 2019 opna den nye gondolbanen på Voss, som tek deg opp til Hangurstoppen på 820 moh. Dette er den største og mest moderne gondolbanen i Nord-Europa.
Gildesalen er eit nasjonalt kulturminne frå 1295 og er den eldste profane trebyningen i Noreg.
Hedleberget er eit skiferbrot på Kyte, fylt med historie i spektakulære omgjevnader. Her er det konsertar, omvisning og ein nydeleg kultursti.
Hovudrestauranten til Myrkdalen Hotel ligg i 2. etasje på hotellet, og har flott utsikt over skibakken.
I Tunet på Myrkdalen Hotel får du god, heimelaga pizza og pasta for heile familien.
Ei restaurert løe som er omgjort til restaurant, pub og selskapslokale.
Me tilbyr nybyrjarkurs i terrengsykling for både vaksne og born. Dette kurset er for deg som har lite eller ingen erfaring med stisykling og me lærer deg grunnleggjande teknikk for å meistra terrenget!
For deg som har noko erfaring med å sykla på sti eller i terrenget. Me lærer deg grunnleggjande teknikk for å meistra middels krevjande stiar.
Myrkdalen tilbyr guida turar med el-sykkel eller terrengsykkel kvar dag på førespurnad om sommaren. Me syklar på grusveg og i terreng.
Bli med på ein rundtur mellom fjell og fjord på landevegssykkel. Me syklar tett på naturen, og vil oppleva mektige fjell og fantastisk utsikt. Turen vert lagt opp med gode pausar, lokalhistorie og servering.
På toppstasjonen til Voss Gondol får du heimelaga mat av lokale råvarer, med gode smakar som varmer.
Sjekk ut dei beste sykkelstiane på Voss med ein elektisk MTB-sykkel!
Bli med på ein flott stisykkeltur i eit fantastisk fjellområde!
Bli med på ein guida stisykkeltur like utanfor Voss sentrum, med eit nettverk av sykkelstier!
Utforsk stinettverket i Bømoen på sykkelsetet med guide!
Vil du finna ut kvifor Voss vert kalla for ekstremsportbygda?
Andre sider
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram