Du er her: Reisemål Voss
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Reisemål Voss
Om du vil koma tett på naturkreftene, anbefaler me å besøkja nokre av fossane som omringar Voss - som Tvindefossen eller Skjervsfossen. Bordalsgjelet er også ein flott naturattraksjon som ligg i gåavstand frå sentrum, der du får sjå korleis isen har forma landskapet gjennom tusenvis av år. Ein køyretur ned dei bratte hårnålssvingane i Stalheimskleiva på sommaren er også eit must!
Fjella i Vossaregionen er eit eldorado for både korte og lange fjellturar, og mange av turane har panoramautsikt mot isbrear, fjordar, fjellrekkjer og innsjøar. Med Voss som utgangspunkt har du mange moglegheiter - alt frå turar på nokre få timar til turar over fleire dagar med overnatting i hytter eller telt.
Juli 2019 opna den nye gondolbanen på Voss, som tek deg frå Voss stasjon og opp til Hangurstoppen på 820 moh. Dette er den største og mest moderne gondolen i Nord-Europa, og er open heile året. På toppstasjonen finn du Hangurstoppen Restaurant, flott panoramautsikt til fleire av fjella som omkrinsar Vossebygda, og eit flott område for rekreasjon og aktivitetar. På sommaren er dette eit mekka for vandring, sykling og paragliding. På vinteren tek gondolen deg rett opp til skisenteret Voss Resort.
Voss er ein av dei mest snøsikre skidestinasjonane i Noreg. Her kan du boltra deg i to ulike skisenter – Voss Resort og Myrkdalen. Til saman har dei nesten 70 kilometer med alpinløyper for alle nivå, 20 skiheiser, spennande frikøyringsterreng og familievennlege barneområde. Voss Resort sitt skiområde er tilgjengeleg med gondol berre ti minutt frå sentrum. Myrkdalen ligg ein kort køyretur på kring 25 km frå Voss.
Voss har også et stort utval av langrennsløyper. I langrennsarenaen Voss ski- og tursenter finner du lysløyper, konkurranseløyper og skilekområder for langrenn og skiskyting. Voss Resort og Myrkdalen har også kilometervis med langrennsløyper i sine anlegg.
For deg som er gira på topptur, har du kome til rett plass. Voss er omringa av fantastiske fjellområde der ein kan finna turar for alle nivå. Føler du deg ikkje heilt sikker på å leggja ut på tur åleine, anbefalar me ein guida topptur der du får sjå dei beste skiplassane på Voss.
Se alle vinteraktivitetane.
Voss ligg midt mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, og er ein naturleg stoppestad på den populære Norge i et nøtteskall-turen. Det er enkelt å koma seg til Voss, og bygda er eit trafikknutepunkt for tog og buss på Vestlandet. Voss ligg også langs E16, som er hovudvegen mellom Bergen og Oslo.
Les mer om Voss her
Antall resultater: 129
, vises for øyeblikket 1 til 20.
Denne to dagers rundturen fra Voss tar deg med inn i noe av det peneste vi har av natur i Fjord Norge.
Rundtur med tog fra Voss. Opplev Flåmsbana, sykkel fra Berekvam ned til Flåm, padle kajakk i Aurlandsfjorden og RIB båt til Gudvangen.
Rundtur med tog fra Voss. Høydepunkter er den berømte Flåmsbana, sykkel fra Berekvam til Flåm, RIB båt til Gudvangen og buss til Voss via Stalheimskleiva.
Gildesalen er eit nasjonalt kulturminne frå 1295 og er den eldste profane trebyningen i Noreg.
Den 110 meter høge fossen er ein svært populær turistattraksjon.
Bordalsgjelet er ein spektakulær naturattraksjon i gangavstand frå sentrum.
Stalheim Folkemuseum er truleg eit av Noregs mest omfattande museum i privat eige. Museet ligg i gangavstand frå hotellet og har ca. 30 lafta bygningar frå Vossestrand og Voss, sett saman som eit gamalt gardstun. Der er òg ein stor utstillingshall i…
Frå Nesheim har du flott utsikt over Lønavatnet. Garden har alltid vore einbølt – han var ikkje delt mellom fleire brukarar, slik vanen var på Voss. I vikingtida var det truleg eit høvdingsete her.
Stalheimsøy Gard ligg vakkert til i mektig naturlandskap i Nærøydalen, kort avstand frå Gudvangen.
Havpadlekurs for nybegynnere, etter Norges padleforbund NPF sin mal.
Hedleberget er eit skiferbrot på Kyte, fylt med historie i spektakulære omgjevnader. Her er det konsertar, omvisning og ein nydeleg kultursti.
Fødestad og barndomsheim til kunstnarbrørne Knud og Brynjulf Bergslien.
Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spanande, morosamt og passar for nybyrjar så vel som erfarne! Vasstanden avgjer om me raftar i Strandaelva eller Raundalselva, begge held topp internasjonal klasse og me garanterer ei…
Aldri prøvd elvekajakk før? Outdoor Norway tilbyd fleire alternativ slik at du kan vera med på elva.
Klatring på solvarm klippe! Ved vakre Staup, nokre kilometer utanfor Voss, ligg ein idyllisk klatreklippe som byr på klatreutfordringar for dei fleste. Med riktig utstyr og kompetent instruktør frå Wild Voss får du høve til å prøve klatring og…
Tandemhopp (Video)
Å hoppe tandem er en fantastisk måte å prøve fallskjermhopping på. Som tandemelev har du muligheten til å ta dei første stega mot fritt fall på ein kontrollert måte, trygt fastspent til ein erfaren og spesialutdanna…
Voss og omegn byr på terrengsykkelturar i verdensklasse med spektakulær norsk natur.
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram