Du er her: Reisemål Nordfjord
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Reisemål Nordfjord
Frå blåkledde brearmar, mektige fjell, frodige dalar og djupe vatn, til Stadhavet som slår inn mot kysten vår. Om du vil kan du gå i taulag på Briksdalsbreen, oppleve sommarski, og same dag rusle i sola på kvite sandstrender og trekkje frisk havluft. Eller kanskje du vil gå på oppdagingsferd i kulturhistoria vår
Nordfjord ligg lengst nord i Vestland fylke, og fjorden med same namn strekkjer seg frå Stadhavet og 106 km inn i landet til Stryn. Regionen består av Stryn, Gloppen, Stad, Volda og Bremanger.
Breane, fjorden, havet og fjella i Nordfjord er noko av det flottaste norsk natur kan by på. Innerst i Nordfjord glitrar breane mellom smale dalar, og her finn du Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. I midtre Nordfjord er fjorden breiare, sjølv om fjordarmen Hyefjorden er dramatisk nok. Lengst ute opnar havet seg. Kystkulturen er spesiell, og fiskeværa fortel mange historier om svunne tider. Lengst ute tronar Vestkapplatået mot det mektige Stadhavet.
Nordfjord er eit vandremekka, med fleire hundre merka turløyper, gode kart og variert natur. Bli med på brevandring på Tystigen, stå på ski på legendariske Stryn Sommerski, eller prøv ut eit at dei mange alpinanlegga som er opent på vinterstid. Opplev den mektige utsikta frå Mt. Hoven 1011 m.o.h ved å ta Loen Skylift opp på 5 minutt. Det er kort veg til Stad, der du kan prøve surfebrettet og vandre i det spesielle kystlandskapet. Fjorden, havet, glitrande innsjøar og elvar gjer Nordfjord til ein perfekt arena for dykking, bading, båtturar, kano- og kajakkpadling. Sykling på Haugsvarden vil gi deg ei fantatisk utsikt over Nordfjord, samtidig som du får hjarte til å pumpe litt ekstra. Du kan også oppdage Nordfjord frå hesteryggen, i fjordhesten sitt eige rike. Nordfjord er også eit eldorado for fiske, både i vatna, lakseelvane, fjorden og havet.
Kva er det med Nordfjord si 1000 år gamle historie som har sett sitt preg på regionen slik den er i dag? Nordfjord Saga er ei historisk oppleving basert på kven vi var og kven vi er. Anders Svor Museum og Nordfjord Folkemuseum er nokre av stadane du verkeleg kan oppleve vår unike kultur. Besøk eit av verdas største vikingskip på Sagastad eller dra ut til den sagnomsuste øya Selja for å sjå klosterruinane som ligg der. Sør for sjøklippa Hornelen kan du reise heile 6000 år tilbake i tid ved å sjå eitt av dei største helleristningsfelta i Nord- Europa, Vingen Helleristingsfelt. I Nordfjord kan du delta på kulturelle arrangement heile året. Gå til nordfjord.no for ei fullstendig oversikt over komande arrangement.
Med desse 12 høgdepunkta i Nordfjord ynskjer vi å løfte fram det ypperste vi har å tilby i regionen. Men leitar du vidare vil du kunne oppdage at vi har mange små perler som berre ventar på ditt besøk.
Pendelbane frå fjorden til fjellet Hoven på 1011 m.o.h. Prøv også klatreløypa til Hoven med Via Ferrata Loen. Les mer om Loen Skylift
Den mest berømte brearmen i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Les mer om Briksdalsbreen
Høgaste fjellet med foten i fjorden. Populært turmål sommar og vinter. Les mer om Skåla
Kvit sandstrand ytterst på Stad omkransa av høge fjell. Populær stad for surfarar frå heile verda. Les mer om Hoddevik
Bygt av Benediktinermunkar på 1100- talet på øya Selja. Truleg det eldste klosteret i Norge. Les mer om Selja kloster
Kunnskapssenter om vikingtida der du kan oppleve eit av verdas største vikingskip, Myklebustskipet. Les mer om Sagastad
Spektakulær dal. Dramatisk historie gjer dalen ekstra spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen. Les mer om Lodalen
Eit av dei største helleristningsfelta i Nord- Europa. Om lag 2200 helleristningar frå yngre steinalder (6000 år gamle). Les mer om Vingen
Karakteristisk fjell på 1338 m.o.h. som dannar inngongsporten til Våtedalen. Les mer om Eggenipa
Europas høgste sjøklippe 860 m.o.h. Kjent landemerke for sjøfarande. Les mer om Hornelen
Ligg 496 m.o.h, og er eit av dei mest spektakulære og vestlegaste utsiktspunkta på kysten av Norge. Les mer om Vestkapp
Europa sin djupaste innsjø, med maksimal dybde på 514 meter. Les mer om Hornindalsvatnet
Antall resultater: 265
, vises for øyeblikket 1 til 20.
Dette romantiske trehotellet frå 1850 i sveitserstil, ligger i Strynebukta, berre 5 minutt i frå Stryn sentrum. Det tilbyr individuelt innreda rom med eigen balkong og gratis Wi-Fi.
Hotellet er ein del av De Historiske Hotell og Restauranter
Hotel Alexandra er eit førsteklasses hotell med utsikt over fjorden i Loen og mot Skåla (1848 m.o.h.). Hotellet er omkransa av høge fjell og mektig natur.
Strynsvatn Camping er ein del av PlusCamp campingplassane, og vi er i NHO Reiseliv klassifisert med 4 stjerner.
Loen Active er ei aktivitetsbedrift, som gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum. Via Ferrata Loen, fjellturar med guide, sykling og aktivitetar på fjorden.
Nordfjord Hotell har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar, samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet er Svanememerket og har Debio…
Fonnafly Stryn tilbyr helikopter-tjenester i et av Norges vakreste områder. Ønsker du å se spektakulært vestnorsk fjordlandskap, eller har behov for å transporteres på en rask og effektiv måte fra A til B, så kan Fonnafly Stryn hjelpe deg med dette.
Ved Briksdalsbre fjellstove finn ein den flotte souvenirbutikken. Det omfangsrike souvenirhuset ligg rett ved Fjellstova. Her finn ein eit spanande utval souvenirar med høg kvalitet - mellom anna norsk kunsthandverk i ull, skinn og tinn.
Loen Skylift - Frå fjord til fjell på 5 minutt. Det er ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, i Stryn, inst i Nordfjord.
Yoga i naturen opnar opp for det å vere fullstendig til stades slik at du tar inn alt det naturen har å by på. Friluftsyoga er ein unik kombinasjon av det spektakulære og det nære. Praksisen tilpassast vêr og forhold - ønskjer og behov.
Ordet Coasteering kjem av det engelske ordet coast som betyr kyst. Betydinga av ordet er at man skal bevege seg både i vatn og på land langs klipper i sjøkanten. Coasteering er ein leiken og spennande måte å vere i naturen på. Her kan du utfordre…
Opplev frilufts- og naturopplevingar frå kajakken. Kom tett på naturen på ein måte du elles kanskje ikkje opplever.
Sjøbris Adventure har fleire kajakker tilgjengelig for utleige Padling passer det aller fleste, gammel som ung.
Engeset trehytter er et nytt og unikt overnattingstilbud på Sandane. Hyttene har den mest eksklusive og spektakulære utsikten du kun kan få på Vestlandet. Du kan se fjella spegle seg i fjorden en stille sommermorgen og nyte solnedgangen til sene…
Briksdalsbre Fjellstove ligg inst i Oldedalen, med fin utsikt mot fjell og bre – og med gangavstand til Briksdalsbreen. I Fjellstova finn du restaurant, kafè og souvenirbutikk, og her er fire rom, ei leiligheit og ei hytte for utleige.
Toppturer på ski blant bre, fjell og fjord i Nordfjord med kvalifiserte fjellførere fra Breogfjell Mountain Guides. Fjellene i Stryn, Loen og Olden byr på toppturer med over 1500-høgdemeters nedkjøringer, med utsikt i verdensklasse!
Breheimen Naturprodukt tilbyr kjøt frå ville dyr og honning frå naturreservat.
Stryn Vertshus ligg midt i hjertet av Stryn sentrum ved Per Bolstadplass. Her er det stort fokus på personleg service og målet er at du som gjest skal nyte opphaldet frå start til slutt. Det er gåavstand til busstasjon, restauranter og butikkar.
Folk har reist hit i over 1000 år, for å oppleve Norges første pilgrimsstad, med unik kultur frå vikingtida og middelalderen. På øya Selja, ligg Selja kloster, som vart bygd av Benediktinermunkar, tidleg på 1100-talet, til minne om St.Sunniva.
Ved norsida av Europa sin største fastlandsis ligg Jostedalsbreen Nasjonalparksentet. Senteret ligg plassert midt i det ville norske fjordlanskapet, tett omkrinsa av frodige dalar og bratte fjell. På senteret blir det formidla naturverdiar,…
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram