Måløy
57 84 50 77
For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Reisemål
57 84 50 77
"Det skal blåse friskt om du vil høyre Måløybrua synge. Det blir sagt at når vinden bles frå ein spesiell kant, så syng brua ein enstrøken C. Sjølv om vinden bles friskt når eg sprang over brua, var det ikkje nok til at brua stemte i ein «sang». Denne kraftige brua går i kurve og knyt saman Vågsøy med fastlandet er godt synleg med sine 1224 meter".
Fred Syversen
Måløy ligg på søraust-sida av Vågsøya. Byen er administrasjonssenter i Vågsøy kommune i Nordfjord og er en av landets viktigste fiskerihavner. Den fikk bystatus i 1997.
Mellom Vågsøya og fastlandet går Ulvesundet og midt i leia ligg ei lita øy som no heiter Moldøen, men er på lokalmunne i dag kjent som Lisje-Måløyna. Ifølge sagnet gjekk Magnus den gode i land på denne øya i 1035 og kalte bøndene i Nordfjord, som på den tida nesten var småkongar sjølv, til tings. Øya ligg strategisk plassert med god utsikt til alle kantar og dermed vanskeleg tilgjengeleg for overraskande angrep.
Grunnen til tinget var truleg at Magnus ville bli hyllet til norsk konge av nordfjordingane. Faren, Olav den heilage, hadde i lengre tid vore i konflikt med nordfjordingane. Magnus ynskte forsoning og lovde bøndene betre lover og meir fridom.
Øya fekk navnet Málstefna (som betyr målstova eller stemnestova, eller rådhus på moderne norsk), men vart seinare modernisert til Moldøen.
Øya vart ein viktig handelsstad og voks etter kvart over til fastlandet, men spesielt til Skramsbygda på Vågsøya. Med tida flytta mesteparten av tettstedet seg dit. Navnet Moldøen overtok også for Skramsbygda, men vart seinare endra til dagens form, Måløy, for sjølve tettstaden/byen.
Aleksander Didrikson Fester fekk kongebrev på handel på handelsstaden Vågsberget i 1692, og med dette rett til å drive gjestehus på Moldøen og i 1704 overnatta Kong Fredrik den 4. her under Norges-reisa si. I 1744 vart Moldøen med handel og privilegiane der solgt og skilt fra drifta på Vågsberget. Ole Schmidt, som dreiv Moldøen frå 1838 til 1866, bygde store sjøbuer og ein staseleg hovedbygning på eigedomen.
Lensmann Nils Landmark Lem fr Sogndal kjøpte Moldøen i 1902, men flytta aldri dit sjølv. Frå 1915 kom Einar og Audun Lem (dei grunnla også fiskeforedlingsbedrifta Firda Canning allereie i 1913) med som eiere. I 1921 fekk dei med skipsreder Jacob Kjøde som kompanjong, og dreiv fiskehandel og tankstasjon på øya.
På slutten av 1800-talet starta utbygginga av Måløy som det leiande fiskerisenteret i Sogn og Fjordane, og Moldøen tapte gradvis si betydning som handelssenter. Grunnlaget for denne utviklinga var dei store sesongfiskeria etter torsk og sild rundt Vågsøy, og eit nytt bankfiske etter kveite frå Stad og nordover. I dag er Måløy ei av Norges travlaste eksporthavner for fisk.
KRIGSÅRA
Under andre verdenskrig bygde den tyske okkupasjonsmakta fleire festningverk i Måløy. Blant anna vart mykje av bebyggelsen på Moldøen rive for å gjere plass til tyske stillinger. Resten brann under Måløyraidet i 1941. Under Måløy-raidet fall Kaptein Martin Linge som einaste nordmann. Eit minnesmerke, laga av Ståle Kyllingstad, over Martin Linge vart reist omtrent der han vart drept 27. desember 1941. Kong Olav V avduka monumentet i 1965.
Et minnesmerke over dei falne allierte soldatane vart avduka i 1967, også det av Kong Olav V. Lenge stod dette monumenetet ved Vågsøy Ungdomsskule, men vart flytta til minneparken på Moldøen etter at den opna. I minneparken er det også eit minnesmerke over allierte pilotar som vart skutt ned over Vågsøy.
På torget i Måløy står det et monument over falne fra Sør-Vågsøy og Davik kommuner.
KOMMUNIKASJON
Måløy ligg også godt skjerma mot vær og vind. I gamle tider satt ofte båtar værfast her og venta på å segle vidare over Stad. I dag har Måløy anløp av Hurtigruta. Det går også ekspressbuss til Oslo og ekspressbåt til Bergen fleire gongar om dagen.
I 1973 opna Måløybrua og forbandt Vågsøy med fastlandet over Ulvesundet.
Ein morsom detalj er at gatene som ligg nesten parallelt oppetter fjellsida ikkje har navn, men er nummerert. Med Sjøgata og Gate 1 som hovedgater lengst ned mot sundet, til Gate 7/8a øverst.
Internasjonalt krigshistorisk informasjonssenter om krigshistorien sin første allierte…
"Det var heldigvis fjøre sjø, slik at eg kom meg tørrskodd oppå den særmerkte…
Den 1,5 km lange sandstranda er med sin kritkvite skjelstrand ei av Norges finaste…
Grotlesanden er ei av dei største og mest brukte sandstrendene i Ytre Bremanger. Her er…
Er du lei av å føle deg som «silda i tønna» med bilar og forureining overalt? Har du lyst…
Hit har menneske reist i over 1000 år, for å oppleve Noregs fyrste pilegrimstad, med…
Seljesanden er ei fin sandstrand ved Selje sentrum. Her kan du vandre berrføtt på den…
I Hoddevik, ytterst på Stad, kan du vandre berrføtt på kvit sand, omkransa av høge…
Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde…
På gardane Sørbotten, Øvrebotten og Nordbotten i Botnane ligg åtte gravrøyser, fleire…
Inni ei vik ytst på Stadlandet som strekkjer seg som ein knyttneve ut i storhavet, finn…
Ervik kyrkje ligg i Ervika på ytre Stad, ca 15 km frå Stadlandet (Leikanger). Denne blei…
Vestkapp ligg 497 m.o.h, og er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av…
Kyrkjescenene i NRK sin dramaserie ”Vaffelhjarte” basert på Vanylvingen Maria Parr sin…
Når du er i Vanylven er du omgjeven av utrulege historier og hendinger på alle kantar.…
Fyret står på ein hovde lengst vest på øya Hovden i Flora, 40 meter over havflata. Dette…
Andre sider
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram