Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Det bur om lag 200 personar fast i Geiranger, eit tal som står i sterk kontrast til den store straumen av menneske som kjem til bygda i høgsesongen frå mai til september: mellom 800 000 og 1 000 000 menneske. Slik svingar pulsen i Geiranger frå intens hjartebank i internasjonal atmosfære gjennom sommarmånadene til kvilepuls med roleg planlegging og sosialt samkvem med sambygdingane om vinteren.
Hovudinntekta i bygda kjem frå turistnæringa. Turistindustrien har vakse jamt sidan det første gjestehuset vart sett opp i 1867 og det første turistskipet segla inn fjorden i 1869. Sjølv om Geiranger ligg meir enn 100 kilometer frå kysten, har vi den nest største cruisehamna i Noreg når vi ser på kor mange turistskip som kjem hit: rundt 200 frå slutten av april til slutten av september. I tillegg kjem hurtigruta hit kvar dag i juni og august.
Vegsambandet mellom Geiranger og Grotli vart fullført i 1889, etter åtte års anleggsarbeid, og det opna opp for ein auke i turiststraumen. Mange hotell, restaurantar, suvenirbutikkar, hytter og campingplassar har kome til gjennom åra.
Geiranger har også eigen skule frå 1. til 10. klasse, og dessutan barnehage, gamleheim, daglegvarebutikk, bakeri, bryggjeri og sjokoladefabrikk. Kyrkja i bygda vart bygd i 1842 – ein populær bygning å gifte seg i for både lokalbefolkninga og folk utanfrå bygda.
Dei rundt 100 turistskipa som kom til bygda så tidleg som i 1905, var med på å leggje grunnlaget for ei fin ekstrainntekt for bøndene. Bøndene tok på seg skyssoppdrag og frakta turistane rundt i bygda. Geiranger skysslag vart grunnlagt i 1907. I 1910 var 36 hesteeigarar medlemmer i organisasjonen, og i 1914 var meir enn 80 hestevogner i bruk.
I 1920-åra tok dei store sjusetarsbilane over mesteparten av transporten, og skysslaget hadde så mange som 50 køyretøy i åra før andre verdskrigen. Fleire av desse bilane er i dag i veteranbilsamlinga til Hotel Union. Etter krigen opna Nibbevegen opp til Dalsnibba, og i 1955 vart Ørnevegen over til Eidsdal heilårsopen. I 1950-åra tok amerikanske bilar over for sjusetarane, sjølv om desse fekk hard konkurranse frå bussar.
Geiranger har også ei industrihistorie som omfattar ein karosserifabrikk, eit kraftverk og ein omnsfabrikk – alle grunnlagde av Karl Mjelva, mannen til Julie Mjelva, som styrte Hotel Union på byrjinga av 1900-talet. Hotellet hadde eit stort behov for elektrisk kraft, og Karl Mjelva utforma tidleg ei skisse til ein kraftstasjon. I 1907 bygde han det første vasskraftverket mellom Bergen og Honningsvåg. Det hadde kapasitet til å levere 27 kW. Sidan det viste seg å vere vanskeleg å skaffe elektriske varmomnar til hotellet, bestemte Karl Mjelva seg for å byrje å produsere dei sjølv. Derifrå gjekk han over til å produsere elektriske komfyrar. Først heitte fabrikken Mjelva fabrikker, deretter K. Mjelva Specialfabrikk, Geiranger, før han til slutt fekk nytt namn: Grepa.
Frå 1912 til 1914 bygde Geiranger Karosserifabrikk ti passasjerbilar på opelchassis. Dei var både sju- og ni-setarar. Dei første tre bilane var sette i trafikk mellom Geiranger, Grotli og Stryn. Seinare modellar var bygde etter ordre frå så langt nord som Tromsø. Karosserifabrikken bygde også lastebilar og bussar.
Den særmerkte og vakre naturen har vore styrken til Geiranger-området. Den 14. juli 2005 vart Vestnorsk Fjordlandskap ved Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland skrive inn på Unescos verdsarvliste. Det var to grunnar til at Unesco tok denne avgjerda:
1) det naturlege landskapet i området – fjordlandskapet med dei særeigne klimatiske og geologiske forholda
2) merksemda om vern av miljøet. Noreg har forplikta seg til å verne verdsarvområdet for generasjonane som kjem.
Geirangerfjordområdet består av landskapsvernområdet Geiranger–Herdalen, Kallskaret naturreservat og Hyskjet naturreservat, bygda Geiranger og dei tre fjordane Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden.
Etter innskrivinga på verdsarvlista oppretta Norddal kommune og Stranda kommune i fellesskap Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Stiftinga har ansvaret for å:
Målet er å utvikle ein berekraftig heilårsturisme for å styrkje livsgrunnlaget for Geiranger og omland.
Ingen resultater funnet
Destinasjon Geirangerfjord
Geirangervegen 2
6216 Geiranger
Norway
De lokale turistkontorene kan gi deg god og nyttig informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram