Cruiseanløp og cruisehandtering
Sjølv om Geiranger ligg meir enn 100 kilometer inn i landet frå kysten, har vi den nest største cruisehamna i Noreg når det gjeld turistskipanløp: rundt 200 mellom april og slutten av september. I tillegg kjem hurtigruta dagleg til Geiranger i juni og august.
Det er eit fantastisk syn å sjå turistskipa på fjorden. Mange kjem langvegsfrå for å sjå skipa og for å oppleve det sydande turistlivet i Geiranger.
Det første turistskipet kom til Geiranger i 1869. Blant passasjerande var ei gruppe kvekarar som steig i land for å dele ut religiøse flygeblad til innbyggjarane.
I dag er det hamnevesenet i Stranda som administrerer turistskipanløpa til hamnene i Geiranger, Hellesylt og Stranda.
Liste over turistskipanløp
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram