Med fly
Det er fleire daglege flyavgangar frå dei største byane i Noreg til den næraste flyplassen vår, Ålesund lufthamn på Vigra.
Med buss
Det går dagleg ekspressbussar frå Oslo, Trondheim og Bergen. Dei og lokalbussane frå Ålesund og Stryn tek deg heilt til Geiranger.
- Fra Oslo: Ta rute NX 146 til Stryn (ca. 9–10 timar). I perioden ca. 24.6.-18.8 er det direkte korrespondanse med denne ruta frå Langvatn til Geiranger. Må førehandstingast gjennom www.nettbuss.no . Elles byt til lokalbuss (rute 250) i Stryn mot Hellesylt/Stranda/Ålesund. Frå 1. mai–31. oktober er det dagleg ferjesamband mellom Hellesylt og Geiranger (65 minutt). Utanom denne perioden tek du bussen (rute 250) til Ålesund and lokalbussen frå Ålesund til Geiranger (rute 211).
- Fra Bergen: Ta rute NW 430 eller 431 (ca. 9–10 timar). Byt til lokalbuss anten i Ålesund (rute 211) eller Stryn (rute 250) mot Geiranger. Frå Stryn tek du same bussen som frå Oslo.
- Fra Trondheim: Ta rute 950 til Molde. Byt til rute 100 Molde–Ålesund. Finn rutetida her (ca. 8–9 timar). Frå Ålesund eller Sjøholt tek du lokalrute 211 til Geiranger. Frå 1. mai til 31. oktober kan du også kombinere lokalrute 250 frå Ålesund til Hellesylt med ferje frå Hellesylt til Geiranger.
- Fra Ålesund: Heile året - rute 211 Ålesund–Sjøholt–Linge–(ferje)–Eidsdal–Geiranger (vinter- og sommarruter). Frå mai til oktober er det også råd å ta rute 250 frå Ålesund til Hellesylt og ferja (65 minutt) frå Hellesylt til Geiranger. Bestill billettar her.
- Fra Åndalsnes: Heile året - rute 681 Åndalsnes–Sjøholt (ein time før Ålesund). Byt buss på Sjøholt til 211 mot Geiranger. Frå midten av juni til midten av august kan du også ta rute 220 Åndalsnes–Trollstigen–Valldal–Eidsdal–Geiranger. Bestill billettar her.
- Frå Sogndal (UNESCO Fjord Buss tur): 24.juni-1.sept. Dagleg avgang Sogndal kl. 08:00, ankomst Geiranger kl.12:15, avgang frå Geiranger kl.15:30. For meir informasjon og online booking.
Med tog
Det går dagleg tog frå Oslo (ca. 5,5 timar) og frå Trondheim (ca. 4–5 timar) til Åndalsnes, som er den næraste togstasjonen. Du finn rutetider og prisar på nsb.no.
Frå Åndalsnes er det bussamband til Ålesund og Sjøholt heile året. Om sommaren (26. juni–20. august) går det også buss over Trollstigen (fylkesveg 63) til Valldal og Geiranger.
Med båt
Om sommaren (1. juni–31. august) kan du ta nordgåande hurtigrute frå Bergen til Geiranger. Resten av året stoppar hurtigruta i Ålesund og går ikkje innom Geiranger. Frå Ålesund tek du bussen til Geiranger. Sjå bussrutene frå Ålesund eller sjekk rundturane frå Ålesund til Geiranger her.
Med bil
Vegen er open heile året
Sommarruter
- Oslo lufthamn–Geiranger over Lillehammer–Dombås–Åndalsnes–Trollstigen–Valldal: ca. 7 timar, 490 km. Trollstigen er ein del av den nasjonale turistvegen mellom Geiranger og Trollstigen, og er ei spektakulær vegstrekning.
- Oslo lufthamn–Geiranger over Lillehammer–Lom–Geiranger (fylkesveg 63): ca. 6 timar, 410 km.
- Frå 1. mai til 31. oktober går ferja mellom Hellesylt og Geiranger (65 min).
- Trondheim lufthamn–Geiranger over Åndalsnes–Trollstigen–Valldal: ca. 6,5 timar, 410 km.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram