Reisa til det majestetiske fjordlandskapet er kortare enn du trur, og ho er eit eventyrleg mål i seg sjølv – om du kjem langs landevegen, på fjorden, frå lufta eller med toget. Det er fasinerande og spennande korleis landskapet endrar seg – frå vidopne fjellområde og dalføre på Austlandet til tronge fjelldalar og djupe fjordar her i vest.
Korleis du kjem deg hit, kjem an på når du planlegg å ta turen hit. Fjellovergangane over Trollstigen og Geiranger–Grotli er stengde frå november til midten av mai. Det går heller ikkje ferje på Geirangerfjorden mellom Hellesylt og Geiranger mellom november og april. Les meir om korleis du kjem deg til Geiranger heile året.
Farting i området
Leigebil
Veginformasjon
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram