Velkomen til Geiranger
- eit av dei vakraste fjordområda på jorda!
Geirangerfjorden er juvelen blant fjordane i Noreg. Dette området er eit eventyrlandskap av majestetiske, snødekte fjelltoppar, ville og vakre fossar, frodig vegetasjon og den djupe, blå fjorden. Ta deg ein tur med sightseeing-båten og utforsk alt dette frå fjordsida. Eller følg vegen som snor seg gjennom den eine hårnålssvingen etter den andre, opp til Geiranger Skywalk på Dalsnibba, til Flydalsjuvet og Ørnesvingen, og få panoramautsikt over eit av dei vakraste turistmåla i verda. Området vart teke med på Unescos verdsarvliste i 2005, og er rekna for å vere eit av dei mest særmerkte fjordområda på jorda.
På vegen møter du hjelpsame menneske som har eitt mål for auget: at du skal få ei hyggeleg og minnerik oppleving her hos oss.